Verda
Nynorsk Bokmål
Heim Nyheiter Varer Tenester Skule Forum Om Verda _____ Logg inn
Reglar
Meny:
Forlagsreglar
Språkreglar
Forumreglar
Forelesingsreglar
Forlagsreglar:
Om kundeoppljosingar: Kundar sine kundeoppljosingar haldast hemmelege, og leverast
ikkje til tredjepartar.
Språkreglar:
Dei følgjande språkreglar gjeld for alle utgjevingane på forlaget Verda:
1. Om bokstavar: Bokstavar sjølve ber ikkje anna meining enn å vere teikn med ei viss uttale.
Av erfaring har nokre trudd at S har tydinga ‘slange’, likeins kan det vere mogleg å misforstå
bokstaven h til å bere tydinga ‘stol’ – slik bruker vi ikkje bokstavane i forlaget Verda.
2. Om ord: Ord ber meining, og dei fleste bøker som blir gitt ut, vil ha ei eiga ordliste vedlagt
med forklaring til kva for meining orda i bøkene har. Dette gjeld særskilt nye ord, eller andre
viktige ord for kvar einskild bok for seg. Av erfaring er ofte slike forklaringar manglande i
ordbøker, noko som kan føre til misforståingar om kva for meining orda ber - dette unngår vi
ved ordlistene vedlagt bøkene gitt ut av forlaget Verda.
3. Eitt språk: Det brukast kun eitt enkelt språk i utgjevingane til forlaget Verda - språket er det
som er gitt for kvar utgjeving for seg. Det kan mellombels forekoma unntak dersom nokre ord
som brukast ikkje er tilgjengelege på det språket som er gitt. Av erfaring brukast ofte mange
ulike språk i bøker og anna skrift, og dette kan føre til trong for mange ulike ordbøker og
kjennskap til mange ulike måtar å bøye ord på - dette unngår vi ved å bruke kun eitt enkelt
språk. Ellers kan det nemnast at denne språkregel óg gjer det enklare å omsetje utgjevingar til
andre språk.
4. Om forkorting: Forkortingar brukast ikkje - og dette fører blant anna til betre klårskap, meir
flyt i lesinga då kvar bokstav si uttale er synleg og ingen søkjing etter ukjente forkortingar. Av
erfaring fører bruk av forkortingar ofte til at både lesing av og meining til ord forsvinn når
lesaren ikkje kjenner ei forkorting - dette unngår vi ved å ikkje bruke forkortingar.
5. Reknespråk: Forlaget Verda nyttar vanlegvis eit reknespråk som skrivast på éi enkelt linje
- to hovedårsakar til dette er at det; 1. blir mykje enklare å lese reknespråket då det kan lesast
rett fram frå venstre mot høgre som vanleg tekst, og 2. blir enklare å bruke saman med
verktøy som kalkulator og datamaskin. På oppfordring kan vi oversetja bøker sitt reknespråk
dersom ynskjeleg.
6. Om artiklar: Til artiklar brukast ikkje språkreglane sm her er satt opp - dette har fleire
årsaker, og i hovudsak er grunnen den, at det brukast blant anna mange nye ord og nye
kunnskapar som ikkje er kjent frå før av, og når artiklane har som hensikt å få vist styrkane til
til dømes lærebøker, så må både nye lærdomar og dei som finnast frå før av ved vitenskapen
brukast i forklaringa. Ellers vil det vere ein merkbar forskjell mellom det strenge språket som
benyttast i utgjevingar ellers og språket i artiklar skrivast også slik at dei blir meir
underhaldande å både skrive og lesa - det er derfor åpna for eit noko ledigare og friare språk
til artiklane.
Forumreglar:
1. Språkreglar: Det kan vere greit å nemne fyrst og framst at språkreglane forlaget Verda
brukar for sine utgjevingar ikkje gjeld forumet. Når det gjeld forumet er det mellombels ikkje
satt nokon særskilte andre språkreglar enn dei som vanlegvis ventast å bli tatt hensyn til i
skuleverket.
2. Framgangsmåte for bruk av forumet: a. Bli brukar ved å trykkje på lenka 'Bli brukar' på
innloggingssida. b. Logg inn ved å trykkje på lenka 'Logg inn' i menyen, og deretter skriva inn
opplysingane som krevast og trykkje knappen 'Logg inn'. c. Finn fram til det emne du ynskjer
å spørje i og trykk 'Skriv eit nytt spørsmål' eller det spørsmål du ynskjer å svare på og trykk
'Skriv eit nytt svar'. d. På innskrivingssida skriv tittel og spørsmål eller svar og trykk 'Bekreft'.
e. Det er kun den som spør eit spørsmål som kan slette spørsmålet og dei svar som er gitt på
det - då trykkjast lenka 'Slett spørsmålet', og på innskrivingssida velgast 'Slett spørsmål' og
knappen 'Bekreft' trykkjast. f. Ved innskriving kan det tilrådast å velge 'Send spørsmål eller
svar til epost'.
3. Lagring av spørsmål og svar: Når spørjaren sjølv slettar eit spørsmål, slettast samstundes
alle svar som er gitt til spørsmålet. Forlaget Verda lagrar ikkje spørsmål og svar som er sletta.
4. Sletting av spørsmål og svar: Det er kun spørjaren som kan slette spørsmål og svar ved å
slette alle saman på éi gong. Ta derfor fyrst kontakt med spørjaren om du ynskjer å slette eller
endre på innkskrivne svar, og løysinga er i hovudsak å slette spørsmålet og alle svar og leggje
til på nytt. Det tilrådast at brukarane rettskriv titlane, spørsmåla og svara før dei bekreftast.
Det tilrådast også å sende spørsmål og svar til epost, slik at det enklare kan la seg gjera å
slette, og leggje til på nytt etter ei endring. Det oppfordrast til at so snart ein spørjar har fått eit
tilfredsstillande svar på sitt spørsmål slettar spørsmålet - på denne måten unngås trong til
lagring, samt slepp svararar å vere oppteken med spørsmål som allereie har fått svar - og det
oppnås også enklare oversikt over forumet som då får ei betre orden.
5. Personnamn: Det krevjast av brukarar at dei brukar sitt heile personnamn. Dette er både for
å gjere samtalen mellom forlaget Verda og brukarane betre, og for å forebyggje og
tilretteleggje for god åtferd i forumet. Det er derfor ikkje mogleg å vere ein ukjent brukar i
forumet.
6. Om lenkene i forumet: Bruk lenkene i forumet i staden for knappane for fram og tilbake i
nettleseren eller andre snarvegar - dette er på grunn av at nettsidene lagrar kvar brukaren er
slik at innskriving skjer under rett hovudemne, emne og spørsmål. Sjå neste stikk for eit
særtilfelle.
7. Oppdatering av nettsider: Det kan forekoma at a. når sider oppdaterast kjem feilmeldinga
404 - trykk då lenka 'Tilbake' og forsøk på nytt, b. kun delar av sida er lasta inn på grunn av
at oppdateringa ikkje har enda, trykk då tilbakeknappen i nettlesaren og forsøk ein gong til
eller oppdateringsknappen i nettlesaren for å oppdatere sida.
8. Søkjing etter emne: I sidene til nokre av hovudemna er emna ordna bokstavleg ut frå
emnemerka, og derfor kan det under nokre hovudemner vere vanskeleg å finne emner - i dette
tilfellet kan du bruke søkjevirkninga i nettlesaren. For å bruke søkjevirkninga i nettlesaren kan
du trykkje 'Control'-knappen på tastaturet samstundes som knappen for bokstaven 'F'.
9. Lagring av 'favorittsider' i nettlesar: Det tilrådast å ikkje lagre andre sider i nettlesaren som
'favoritt' enn sida med hovudoversikten over forumet, eller til dømes sida for innlogging - altså
ingen sider underordna hovudoversikta i forumet, og dette er av same årsak som nemnt for
bruk av lenkene i forumet i stikk 5.
10. Stenging av forum: Det kan forekoma at forumet mellombels stengast i åpningstida dersom
det til dømes forumet skal endrast - dette vil det bli opplyst om på sida for hovudoversikta.
11. Om innhald i spørsmål og svar: Det er mellombels ikkje satt nokon grenser for kva
innhaldet i spørsmåla og svara kan vere anna enn at det ventast at ein held seg til det emnet ein
skriv i. Nokre dømer på innhald; skule- og emnerettleiing, rådgivning innanfor emnet, faglege
spørsmål og svar.
12. Om brukarar: Det er lagt opp til at lærarar, elevar og dei utanfor skule kan ta del i forumet,
og det er ei forventing om at alle brukarar i forumet kan både spyrja og svara uavhengig av om
dei er lærar, elev eller anna.
13. Om marknadsføring: Det er eit formål at forumet skal vere fritt for marknadsføring. Det er
sjeldan med forum utan marknadsføring, og det er ikkje utan årsak; det å drive forum krev tid
og pengar til straum og utstyr og derfor er det lagt opp til at dei som ynskjer det kan gi ei gåve
til forumet. For meir om gåver sjå her: Gåve
14. Om sidene 'alle emne': Desse sidene kan brukast til å spyrje og svare i kva som helst emne
innanfor det hovudemne sidene er under - dette er særskilt greit å kunne gjere dersom ein
ikkje får svar i eit emne. Sidene kan óg brukast til å spyrje og svare om ting som ikkje har med
noko emne å gjere, men som har med hovudemnet å gjere.
Forelesingsreglar:
- Om språk: Det kan vere greit å nemne fyrst og framst at språkreglane forlaget Verda
brukar for sine utgjevingar ikkje gjeld forelesingane. Når det gjeld forelesingane er det
mellombels ikkje satt nokon særskilte andre språkreglar enn dei som vanlegvis ventast å bli tatt
hensyn til i skuleverket, samt at forelesar vil forsøkje å halde seg til språkreglane forlaget Verda
brukar so mykje som mogleg. Når det gjeld kva for mål av nynorsk og bokmål som blir nytta
vil mesteparten av forsamlinga i ei forelesing sitt ynskje avgjerde ved ei avstemming over epost.
- Om anonymitet: Det er mogleg å vere anonymt med i forelesingar - dersom ein ynskjer å
ikkje bli kjend kan ein skrive "anonym" når ein spør forelesaren spørsmål, då vil ikkje namnet
til spørjaren bli nemnd i forelesinga.
- Om spørsmål og svar: Det vil for elevar vere mogleg å spyrje forelesar spørsmål undervegs i
forelesinga som forelesar svarar på. Dersom forelesar ikkje kan svare på eit spørmsål, vil
forelesar kunne utsetje svaret til etter at forelesinga er ferdig - og kan forelesaren svare vil
eleven motta ein epost med svaret. Det kan her opplysast om at det er mogleg å bruke
forlagets forum til å spyrje, samt sende fagspørsmål til forlaget ved å gå til følgjande lenke:
http://www.verda.no/fagsporsmal
- Om stad: Forelesingane går føre seg på internett. Lenka til forelesinga er:
http://www.verda.no/nynorsk/forelesing/forelesing.php eller
http://www.verda.no/bokmal/forelesning/forelesning.php
- Om tid: Forelesingar kan gå føre seg alt frå klokka 16.00 til klokka 21.00. Dei forelesingar
med oppsatt tid som 'Fortløpande' får påmeldte tilsendt dato og klokkeslett på epost når det er satt.
Kvar forelesing for seg kan ha ulike krav for når klokkeslett blir satt for forelesinga - for å bli
kjend med desse krav sjå til ynskja forelesing.
- Om varigheit: Forelesingane varer i 30 minutt. Sjå neste stikk for eit særtilfelle.
- Om pauser: Det kan bli tatt mindre pauser undervegs i forelesinga, og i tilfelle det skjer vil
anten varigheita auke eller forelesinga blir noko meir innhaldsrik etter pausen slik at elevane
likevel får med seg innhaldet i forelesinga.
- Om påmelding: Påmelding skjer over internett. Kvar enkelt forelesing som ein ynskjer å vere
med på, må ein melde seg på. Påmelding er bindande - sjå neste stikk for moglegheita til å
melda seg av ei forelesing.
Om avmelding: Ynskjer ein å melda seg av ei forelesing er gyldige grunnar blant anna sjukdom
og dersom ei forelesinga utan fastsett tid ikkje skulle høva seg for eleven når fyrst eit
klokkeslett er satt. For å melde seg av sendast ein epost til forlaget, med årsak for avmelding
og tittel på forelesing i tillegg til kontaktopplysingar.
- Om kilder: Kilder som blir brukt i forelesinga blir nemnd i slutten av forelesinga.
- Om opphavsrett: Forelesar har opphavsrett til forelesinga.
© 2016. Tom André Tveit. Organisasjonsnummer 912 274 608.